Begge to jobbar i NCC og held på med stålbruene som vi no støyper plater på. Når snøen laver ned, er det ingenting anna å gjere enn å fjerne den.


- Det er kaldt, men det går bra. Vi er vann til å vere ute, seier dei to svenskane som begge høyrer heime i Lidkøping ved Väneren. Få ting i Hjartdal liknar på heimbyen deira. Heime er landskapet nær paddeflatt. På Gvammen sperrar Mælefjell og dei andre fjella for solstrålane store delar av vinteren. Heime er det ope landskap. Men dei trivst.
- Vi bur jo på den andre sida av tunnelen når vi er her.  Vi merkar god forskjell på vêret når vi forlèt Århus og kjem ut av tunnelen på denne sida, smiler dei to.

snø5Temperaturen har vore godt nedanfor -10 merket. Torbjørn Johansson og Karl-Johan Gustavsson har kalde dagar på jobb.


Snø høyrer vinteren til, sånn er det berre. Dei store maskinene klarer dei store flatene, men på sjølve brua og innimellom utstyret finst ingen annan utveg enn å jobbe manuelt med skuffer.
- Snart kjem sommaren, freistar vi oss. -  Då blir det riktig godt og varmt på Gvammen..?
- Ja, men då er jo ikkje vi her lenger, då er bruene ferdige og jobben vår her er over.