Planprogram for E136 Flatmark–Monge–Marstein som var sendt på høyring i mars 2019 har med 3 alternative løysingar på strekninga mellom Flatmark og Skiri. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, samt Møre og Romsdal fylkeskommune/Riksantikvaren har varsla motsegn til alternativ 3. Vi ønskjer derfor å ta med eit nytt alternativ (alt. 4) mellom Flatmark og Skiri i den vidare planlegginga.

Det som er forskjellen mellom alternativ 3 og 4 er at alternativ 4 kryssar Raumabana med bru nærmare Rauma elv slik at ny E136 då blir liggjande i lenger avstand frå Kors gamle kyrkjestad. Vegen går også inn i Kjerkeura på sørsida av gardstunet på Nordre Flatmark og blir liggjande nærmast parallelt med Raumabana. Alternativet medfører dessverre at våningshusa på Nordre Flatmark må innløysast.

Sjå informasjon om høyringa.