Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

I desse dagar er geoteknikkarar frå Statens vegvesen i gong med grunnundersøkingar på Stanghelle, Vaksdal og Romslo.

Dette arbeidet er eit ledd i det førebuande arbeidet på planprosjektet E16 og Vossebanen Stangehelle-Arna.

-No er vi komen til stadiet der vi skal få til ein grov kartlegging av lausmassar i området der prosjektet planlegg ny veg og togbane, seier geoteknikkar Andreas Grov Roald.

Korleis er grunnen
Han seier dei ønsker vite kor mykje lausmassar som fins i området og kva type det er.
-  Vi veit at mykje lausmassar og dårlege grunnforhold kan vere kostbart for prosjektet, i tillegg er det sjølvsagt naudsynt at vi vurderer om dei aktuelle veglinene er mogleg å gjennomføre ut i frå grunnforholda, seier Roald, som legg til at dei veit det er dårlege grunnforhold i nokre av områda der veg og togbane er planlagt

Trykk og lekkasje
Dei har møtt på ein del utfordringar undervegs i arbeidet. I sommar gjorde geoteknikkarne grunnundersøkingar på Helle. Her støtte dei på mykje leire inne i ein dal i området.

-Når ein gjer grunnundersøkingar, så blir det bore eit hol med stålrøyr i grunnen. I dette området hadde ein et såkalla artesisk trykk, som gjer at ein får lekkasje av vatn frå borehola. Dette førte til lekkasje frå sju borehol slik at leire og siltpartiklar rann ut i bekken på staden. Uheldigvis er dette ein gytebekk for fisk, og vi har dialog med grunneigarar som ikkje er nøgde med situasjon. Vi har gjort tiltak og i dag har vi klart  å stoppe lekkasjen i fem av sju hol, seier Roald.

No vil dei halde fram med grunnundersøkingar i dei tre områda ut neste veke, og resultata vil bli ein del av silingsrapporten som prosjektet er i gong med for delstrekninga Stanghelle-Arna.

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland