Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

I morgon skal prosjektleiinga ta med seg Rambøll-Sweco ANS ut i terrenget for at dei skal få best mogleg inntrykk av den planlagde strekninga som skal gå frå Arna til Stanghelle.

Prosjektleiar Gunnar Søderholm seier at dei blir opp mot 50 personar som skal sjå og få informasjon om planane for ny jernbane og veg, samt kryss og stasjonar.
 

-Det kjem om lag 40 personar frå konsulenten som skal jobbe vidare med planprosjektet E16 og Vossebanen. Føremålet med synfaringa er at dei får eit inntrykk av korleis det ser ut i planområdet og innsikt i aktuelle problemstillingar. Då er det best å sjå dette med eigne auge enn berre på eit kart. Denne informasjonen blir nok nyttig for dei å ta med seg i det vidare arbeidet, seier Søderholm.

I tillegg kjem 12 personar frå Statens vegvesen og BaneNOR som er oppdragsgjevar, for å gi nyttig informasjon undervegs.

Synfaringa startar tidleg i morgon med første samling i Arna. Vidare går turen i buss til Trengereid, og Vaksdal senter. Siste stopp blir Stanghelle /Helle på ettermiddagen.

 

 

 

 

 

 

 

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland