Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen skal i samarbeid med Vestnes kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan for E39 Ørskogfjellet-Vik, og ber om innspel til dette arbeidet.

E39 Ørskogfjellet-Vik inngår som ei delstrekning i planlegginga av ny E39 mellom Ålesund og Molde. Målet er å skape ein felles bu- og arbeidsmarknad og redusere reisetida mellom dei to byane til under ein time.

Plandokument

Det er utarbeidd eit planprogram som gir ei orientering om det føreståande planarbeidet. 

Planprogrammet blir lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i perioden 24.02-06.04.2020 i samsvar med plan- og bygningslova §§ 4-1 og 14-2.

Frå 24.02.2020 vil planprogrammet vere tilgjengeleg på

  • nettstaden til Vestnes kommune, og på 
  • vegvesen.no, sjå under "Last ned" på denne sida

Merknadar

Merknadar, innspel eller andre relevante opplysningar kan sendast skriftleg innan 06.04.2020 til:

  • , eller til
  • Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
Merk sendinga med: Reguleringsplan E39 Ørskogfjellet-Vik.

Informasjonsmøte

I samband med planoppstart og utlegging av planprogram inviterer vi grunneigarar og andre interesserte til eit informasjonsmøte i Kulturhuset Idahall måndag 24. februar kl. 17.30.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til:

  • Planleggingsleiar Magnhild Rømyhr, tlf. 900 76 924, e-post:
  • Vestnes kommune v/ Jan Rune Jacobsen, tlf 951 04 369, e-post:

Planområdet i Vestnes kommune.
Planområdet i Vestnes kommune. (E39 Ørskogfjellet-Vik)

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal