Sideforankra FlytebruSideforankra flytebru er eit av alternativa over Bjørnafjorden.

Med vassdjupne på 550 meter over ei strekning på fem kilometer, er prosjektet med kryssing av Bjørnafjorden så avansert at sjølv forskarar blir sett på prøve.

Flytebrua over Bjørnafjorden skal nyttast som firefelts motorveg for å binde Vestlandet saman. Brua inngår i Ferjefri E39 mellom Kristiansand i sør og Trondheim i nord. Reisetida i dag er om lag 21 timar og trafikantane må bruke sju ferjesamband. Målet er å halvere reisetida. Flytebrua vil redusere reisetida betrakteleg.

– Dette blir verdas lengste flytebru om den blir realisert, seier Xu Xiang i prosjektgruppa til Statens vegvesen.

Ekstreme belastingar

Statens vegvesen har saman med eksterne ingeniørmiljø, utvikla fleire flytelegeme, kalla pongtongar, til ei flytebru som no blir testa ut. Testinga skjer i eit havbasseng hos SINTEF Ocean i Trondheim, som også har utført testinga.

I det spesiallaga bassenget blir pongtongane utsett for dei mest ekstreme bølgjesituasjonar som ein kan tenkje seg i Bjørnafjorden. Brua skal tole ein situasjon kor til dømes det skjer ein skipspåkøyring, og deretter bli utsett for ein 100-årsstorm, utan at brua i mellomtida er blitt reparert frå skipsstøytet.

– Vi har aldri før gjennomført eit liknande modellforsøk. Dette er veldig spanande. Blir flytebrua over Bjørnafjorden vellykka, vil vi nok sjå fleire slike bruer i Noreg i framtida, meiner Reza Firoozkoohi, prosjektleiar i SINTEF Ocean.

To alternativ

Flytebru er anbefalt for kryssing av Bjørnafjorden, og det skal jobbast vidare med to alternativ; sideforankra flytebru og endeforankra flytebru. Den sideforankra flytebrua har ankerliner frå sjøbotn til fleire av pongtongane langs brua, medan den endeforankra flytebrua kun er festa mot land på kvar side av fjorden.

– Det som er litt spesielt her, er at vi har små fjordbølgjer. Dette er ein type bølgjer vi har lite informasjon om, seier Øyvind Nedrebø, prosjekteringsleiar i Statens vegvesen.

– For oss er det viktig å ha tilgang til eit basseng slik SINTEF Ocean disponerer, slik at vi kan få kontrollert undervegs i det tekniske utviklingsarbeidet at vi er på rett veg. Då kan vi gjere korreksjonar på eit tidleg tidspunkt. Vi kan snakke om fleire milliardar kroner i auka kostnadar, om vi ikkje får kontrollert designet undervegs ved hjelp av modelltestar, seier Nedrebø.

Skal teste større delar

Resultata av modelltestinga vil bli brukt til å verifisere analysane som er blitt gjort tidlegare. 

– Ved å planleggje og teste ut modellane skaper vi saman den beste løysninga for flytebruer. Dette gjer at vi blir tryggare på at designet vi har etablert er eit gunstig val. Dette er første trinn blant fleire testar. I neste omgang er det aktuelt å teste ein større del av flytebrukonstruksjonen. Det vil seie pongtongar forbunde av brubjelkar, seier Xiang.