Målet er å utarbeide ein reguleringsplan som ved gjennomføring gir betre trafikktryggleik og betre framkomst, særleg for kollektivtrafikken. Tiltaket skal også bidra til å utvikle sentrumskvalitetar og gjere det attraktivt å gå, sykle og bruke kollektivtransport.