Oppstart av reguleringsplan
I samsvar med plan og bygningslova §12-8 kunngjer Statens vegvesen i samarbeid med Volda kommune oppstart av detaljregulering av framtidig E39 (dagens fv. 651) frå småbåthamna til Elvadalen.
Målet med planarbeidet er å skaffe eit formelt grunnlag for å bygge ein veg med betre trafikktryggleik og framkomst. Tiltaket skal også bidra til å utvikle sentrumskvalitetar og gjere det attraktivt å gå, sykle og bruke kollektivtransport.
Planen vil bli utarbeidd som detaljregulering etter plan- og bygningslova §12-3. Vi føreset å utarbeide ein reguleringsplan i samsvar med gjeldande kommunedelplan og planen vil dermed ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing.
Kart som viser planområdet si avgrensing:
Open kontordag
Det vert open kontordag på Volda rådhus avd. Rådhus II-(Rokken), møterom 3. etg. torsdag 31. januar kl. 1200–1600. Der er grunneigarar og andre interessentar invitert til å diskutere prosjektet med Volda kommune og Statens vegvesen.
Kontaktperson
For å avtale møte med oss eller for andre spørsmål kan de ta kontakt med Siv K. Sundgot, tlf. 70 17 50 77.
Merknadsfrist
Innspel til planarbeidet ber vi om at de sender innan tirsdag 12. februar 2013 til:
Statens vegvesen Region midt, Fylkeshuset, 6404 Molde eller
e-post