Årsaka til stenginga er omfattande sprengningsarbeid og dessutan arbeid med ny veg som vil kryssa dagens veg i anna høgde.

Personbilar må køyre på vestsida av Seljordsvatnet, om Garvikstrondi. Tunge køyretøy må bruke E134 om Notodden og Hjartdal som omkøyringsveg.

Dei som bur nærast blir varsla med SMS i god tid før sprengningsarbeid. Hus- og hytteeigare i anleggsområdet er oppmoda til å ta kontakt med entreprenør for å gjere seg kjent med tilhøva.

Dette er siste stengeperiode på prosjekt rv. 36 Bø-Seljord. Etter tidlegare stengeperiode vart Stodiparsellen bygd ferdig og trafikken sett på 1. mai 2020.