Store delar av strekningen rv. 5 frå Erdal til Naustdal er svært utsatt for skred. Målet med planarbeidet er å avklare ein trase for ny rv. 5 som gir god sikring mot skred og som stettar dagens krav til ein viktig hovudveg. Planavgrensing:

Planavgrensing - Rv. 5 Erdal–Naustdal

Konsekvensutgreiing

I samband med planarbeidet skal det, i samsvar med Forskrift om konsekvensutredninger, gjennomførast ei konsekvensutgreiing for å sikre at viktige miljø- og landskapsomsyn blir vurderte. Eit utkast til planprogram ligg ute til offentleg ettersyn frå 10. september 2019 til 20. oktober 2019. 

Informasjonsmøte

I samband med høyring av planprogrammet vil det bli arrangert ope informasjonsmøte i Kulturhuset i Naustdal tysdag 1. oktober kl. 19.00.

Innspel til arbeidet

Vi ber om at de sender synspunkt og innspel til planarbeidet til oss innan 20. oktober 2019. Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til:

Kontakt

Om de har spørsmål om planarbeidet kan de kontakte:

Statens vegvesen svarer på spørsmål om m.a. alternativ og løysingar og generelt om planarbeidet, organisering og framdrift. Kommunane kan m.a. svare på spørsmål om koordinering opp mot kommunalt planarbeid.