Artikkelen er fra 2007, og innholdet kan være utdatert.

Arbeidet går sin gang og noko av grunnarbeidet byrjar å ta form

Den som passerar anleggsdrifta på rv.5 ved Lundevassenden vil no kunne oppleve å sjå kvar den nye Støylsnestunnelen skal gå inn i bakken. Tunneltraseen går omlag frå under den raude gravemaskina midt på biletet, og vidare i retning under gravemaskinene i venstre bildekant. Det er no bygd ferdig ein rasvoll som skal hindra at Erkeskreda som kjem i elveløpet midt på bilete skal koma ned i tunnelpåhogget og vegen. Gravemaskinene arbeider med å byggja rasvoll slik at Erkeskreda ikkje vert ført ned mot husa på Ripe.

Rasvoll mot husa på Ripe
Aktuelt for fylke(r): Vestland