Arbeid i tunnelane gir nattestenging

— På grunn av sprengingsarbeid i Støylsnestunnelen og Fjærlandstunnelen, må Rv 5 nattestengast mellom Kjøsnes og Bøyabreen i perioden 2. november til 19. desember. Det blir stengt kvar natt frå måndag kveld kl. 23.00 til laurdag morgon kl. 05.30, med gjennomkøyring kl. 02.30 frå Kjøsnes og kl. 02.45 frå Fjærland.

God start for ny tunnel langs Kjøsnesfjorden

— Forlenging av Støylsnestunnelen på rv. 5 langs Kjøsnesfjorden er kome godt i gang. Sist veke starta Hæhre entreprenør tunneldriving frå Kjøsnes, og nærmare 400 meter ny tunnel er sprengt ut frå dei to andre stuffane.

Signerte kontrakt på Kjøsnestunnelen

— Statens vegvesen signerte i dag kontrakt med Hæhre Entreprenør AS på tunneldriving på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i Jølster.

Vellukka opningsarrangement i Kjøsnesfjorden

— H.M. Kong Harald og to statsrådar var med og fekk oppleve vegopning i Kjøsnesfjorden 2. november. – Vi er godt nøgde med arrangementet, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen. Han ynskjer å takke alle som har bidrege til at det vart ein minneverdig vegfest.

Storstilt vegopning i Kjøsnesfjorden

— H.M. Kong Harald opna i dag, 2. november rassikringsprosjektet rv. 5 Hammarsgrovi-Stølsneset. Trass i brutalt vestlandsvêr med sterk vind, var det mange som møtte fram og tok del i vegopninga.

H.M. Kong Harald opnar rv. 5 Støylsnestunnelen

— Måndag 2. november inviterar Statens vegvesen til vegfest i Kjøsnesfjorden. – Det er lagt opp til eit variert program og vi håpar mange blir med og markerar at ei svært rasutsett strekning er eliminert vekk, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen.

Støylsnestunnelen i Kjøsnesfjorden opnar for trafikk

— Den nye parsellen av rv. 5, Hammarsgrovi-Stølsneset, er klar for trafikk. Støylsnestunnelen er no sikkerheitsgodkjend, og trafikantane kan ta strekninga i bruk frå i dag, 8. oktober ca. klokka 15.30

Merkedag i Kjøsnesfjorden

— Statens vegvesen planlegg saman med Jølster kommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, vegopning på rv. 5 i Kjøsnesfjorden måndag 2. november. H.M. Kong Harald skal opne vegen. Programmet for dagen byrjar å ta form og kulturinnslaga vil ha lokal forankring