Svein Reidar Dale
- Telefon:
- 93 01 55 90
- E-post:
Rv. 5 langs Kjøsnesfjorden er svært utsett for skred.
Det er gjort sikringstiltak mot skred i fleire omgangar opp gjennom tida, men fortsatt er enkelte parti utsatt for ras og stenging av vegen pga. ras og rasfare. Partiet som står att å sikre er mellom Stølsnestunnelen og Kjøsnes. Terrenget er svært sidebratt med fleire skredløp nedetter fjellsida, og det vert vurdert slik at berre ein tunnel vil kunne løyse skredproblema.
Riksveg 5 går gjennom Kjøsnesfjorden, ein sidearm til Jølstravatnet, og er ein viktig del av aust-vest sambandet for Sogn og Fjordane med tilknyting til korridoren Oslo-Bergen.
Eksisterande vegtrase langs Kjøsnesfjorden er svært utsett for skred. Terrenget er veldig bratt, med fleire skredløp nedetter fjellsida. Det er gjort sikringstiltak mot skred i fleire omgangar opp gjennom tida, men framleis er enkelte parti utsett for ras og stenging av vegen på grunn av rasfare.
Prosjektet skredsikring av rv.5 Kjøsnesfjorden er ei vidareføring av tidlegare arbeid, og skredsikringstiltaket vil vere ein tunnel på om lag 6,5 km forbi det skredutsette området.
Tunnelen skal byggast som ei forlenging av den eksisterande Støylsnestunnelen vestover til Kjøsnes, og samla lengd blir 8,4 km. "Gamlevegen" langs vatnet blir gang- og sykkelveg tilknytt riksvegnettet.