Lyser ut ny Rogfast-kontrakt
Statens vegvesen vil i løpet av mai månad lyse ut den neste store tunnelkontrakten på Rogfast-prosjektet.
Kontrakten (E 03) omfattar bygginga av den søre delen av Boknafjordtunnelen. Kontrakten er ca. 9 km lang tunnel med to løp.
Tunnelmassane vil bli fylt ut i Mekjarvik sør, der ein allereie har starta opp med ei utfylling.
- I kontrakten inngår også to sjakter til utlufting av tunnelen i området ved golfbanen på Tungenes.
Kontrakten vil bli ei såkalla utføringskontrakt med einheitsprisar, seier avdelingsdirektør i prosjektavdelinga i Statens vegvesen, Kjartan J. Hove.
To ulike kontraktsformer
Den siste av dei store tunnelkontraktane på Rogfast er den nordre delen av Boknafjordtunnelen (9 km lang med to løp) som vil bli lyst ut like over sommarferien i år. Denne kontrakten omfattar også ca. 1,5 km 4-felts veg i dagen på Bokn fram til påkobling til eksisterande E39. Kontrakten vil bli ei totalentreprise.
Dermed vil ein ha to ulike kontraktsformer på søre og nordre delen av Boknafjordtunnelen.
Større ansvar på entreprenøren
- I ein totalentreprise får blant anna entreprenøren eit større ansvar for prosjekteringa. Med å gjere det slik ynskjer Statens vegvesen å få erfaring med to ulike kontraktsformer på eit stort prosjekt som Rogfast. Det vil kome til nytte seinare når ein skal vurdere fordeler og ulemper i høve til kontraktsformer på så store prosjekt, sier Hove.