Med klasse CE kan du blant anna køyre lastebil og trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt over 750 kg

Du må vere minst 21 år og ha førarkort for klasse C for å ta førarkort for klasse CE.

Du kan vere yngre enn 21 år dersom du har starta på eller fullført obligatorisk yrkessjåførutdanning.

Informasjon om eit køyretøy eller ein tilhengjar, for eksempel tillaten totalvekt, står i vognkortet.

Lastebil

Du kan køyre lastebil med ei tillaten totalvekt over 7 500 kg. Han kan maks vere godkjend for 8 passasjerar.

Lastebil med tilhengjar

  • Du kan trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt over 750 kg.
  • Førarkort for klasse CE gjeld òg for lett lastebil med tilhengjar. På førarkortet er dette markert som klasse C1E.

Personbil med tilhengjar

Du kan køyre ein personbil og trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt mellom 750 kg og 3 500 kg. Bilen kan maks vere godkjend for 8 passasjerar. På førarkortet er dette markert som klasse BE.

Traktor

  • Du kan køyre traktor med eller utan tilhengjar. På førarkortet er dette markert som kode 142.
  • Førarrett for traktor gjeld berre i Noreg.

Motorreiskap

  • Du kan køyre motorreiskap med eller utan tilhengjar. 
  • Førarrett for motorreiskap gjeld berre i Noreg.

Yrkessjåførkompetanse

Du må ha yrkessjåførkompetanse (YSK) dersom du skal transportere gods mot vederlag med lastebil.

Vil du ta førarkort for klasse CE?

Vil du ta førarkort for andre klassar?