Med førarkort for klasse D1 kan du køyre ein minibuss som er godkjend for maks 16 passasjerar.

Du må vere minst 21 år og ha førarkort for klasse B for å ta førarkort for klasse D1.

Du kan vere yngre enn 21 år dersom du har starta på eller fullført obligatorisk yrkessjåførutdanning.

Informasjon om eit køyretøy eller ein tilhengjar, for eksempel tillaten totalvekt, står i vognkortet.

Minibuss

Du kan køyre ein buss som er godkjend for mellom 9 og 16 passasjerar. Han kan maks vere 8 meter lang.

Minibuss med tilhengjar

Du kan trekkje ein tilhengjar når han har ei tillaten totalvekt på maks 750 kg.

Vil du trekkje ein tilhengjar som veg meir enn 750 kg, må du ta førarkort for klasse D1E.

Skal du transportere personar mot betaling?

Du må ha yrkessjåførkompetanse (YSK) dersom du skal transportere personar mot betaling med minibuss.

Vil du ta førarkort for andre klassar?