Med klasse BE kan du blant anna køyre ein personbil og trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt mellom 750 kg og 3 500 kg.

Du må vere minst 18 år og ha førarkort for klasse B for å ta førarkort for klasse BE.

Informasjon om eit køyretøy eller ein tilhengjar, for eksempel tillaten totalvekt, står i vognkortet.

Personbil med tilhengjar

Du kan køyre ein personbil med tilhengjar når den tillatne totalvekta til tilhengjaren er maks 3 500 kg. Bilen kan maks vere godkjend for 8 passasjerar.

Vil du trekkje ein tyngre tilhengjar, må du ta klasse C1 og deretter klasse C1E.

Med klasse BE tatt før 19. januar 2013

Du kan trekkje ein tilhengjar same kva den tillatne totalvekta er. På førarkortet er dette markert som kode 79.06.

Kor mykje vekt er bilen godkjend for å trekkje?

Bruk tilhengjarkalkulatoren vår til å sjekke kor mykje vekt bilen kan trekkje.

Traktor

Du kan køyre traktor med eller utan tilhengjar. Traktoren må maks kunne køyre 40 km/t, og den tillatne totalvekta for traktor og tilhengjar til saman kan maks vere 25 000 kg. På førarkortet er dette markert som kode 144.

Førarrett for traktor gjeld berre i Noreg.

Med klasse B eller T tatt før 1. januar 2005

Du kan køyre traktor med eller utan tilhengjar. Det er inga avgrensing på vekt eller kor fort han kan gå.

På førarkortet er dette markert som kode 142.

Motorreiskap

Du kan køyre ein motorreiskap med eller utan tilhengjar. Ein motorreiskap (Lovdata) kan for eksempel vere ein gaffeltruck eller ein hjullastar.

Motorreiskapen må maks kunne køyre 40 km/t, og den tillatne totalvekta for motorreiskap og tilhengjar til saman kan maks vere 25 000 kg. På førarkortet er dette markert som kode 144.

Førarrett for motorreiskap gjeld berre i Noreg.

Med klasse B eller BE tatt før 1. januar 2005

Du kan køyre motorreiskap med ei tillaten totalvekt på maks 7 500 kg utan avgrensing på kor fort han kan køyre.

Du kan køyre motorreiskap med ei tillaten totalvekt over 7 500 kg dersom han ikkje kan køyre fortare enn 50 km/t.

På førarkortet er dette markert som kode 152.

Beltebil

Du kan køyre beltebil med eller utan tilhengjarslede.

Vil du ta førarkort for klasse BE?

Vil du ta førarkort for andre klassar?

Sist oppdatert: