Køyretøyoversikta viser køyretøy du eig eller leasar. Du loggar inn for å få full oversikt over køyretøya dine.

Gå til Køyretøylista Logg inn

Når du loggar inn kan du sjå ventande oppgåver  knytte til køyretøya dine, til dømes om du skal stadfeste ei salsmelding. 

For å representere ei verksemd på Di side må du ha riktige rettar i Altinn. Du kan lese meir lenger ned på denne sida.

Frå Køyretøyoversikta kan du mellom anna 

Tilgang til Køyretøyoversikta på vegner av ei verksemd 

For å sjå køyretøy i Køyretøyoversikta på vegner av ei verksemd må du i Altinn ha tilgang til enkelttenesta «Køyretøyoversikt». 

Merk at du må i tillegg ha tilgang til andre enkelttenester for å gjere bestillingar eller endringar på køyretøya. 

Manglar du tenester i Altinn, må du ta kontakt med ein person som har ansvar for tilgangsstyring i verksemda. Dette er som regel dagleg leiar, styreleiar eller andre som er ein «Tilgangsstyrar». Les meir om tilgang på vegner av ei verksemd.

Har du oppdaga ein feil? 

Ser du noko du meiner er feil i opplysningane om køyretøya dine, ta kontakt med oss.