Gebyr for uforsikra køyretøy
Om du eig eit registrert køyretøy som er forsikringspliktig utan gyldig forsikring, får du gebyr for kvar dag kjøretøyet er uforsikra.
For personbilar er dette gebyret 150 kroner per dag.
Har du fått brev med krav om gebyr for uforsikra køyretøy?
Du kan lese meir om kva du skal gjere om du har fått gebyr for uforsikra køyretøy på nettsidene til «Trafikkforsikringsforeningen». Her kan du også sjekke kva du kan gjere om du meiner at du feilaktig er ilagd gebyr.
Sjekk kva køyretøy du eig
Start med å sjekke kva køyretøy du står som eigar eller medeigar av ved å logge inn. Om du har du spørsmål om eigarforholda, du meiner noko kan vere feil eller du står som eigar av eit køyretøy du meiner aldri har vore i ditt eige, ta kontakt med oss på telefon.
Selt køyretøyet?
Har du selt køyretøyet, må du levere inn salsmelding slik at eigarskiftet blir registrert hos oss. Om du har selt køyretøyet og det av ulike grunnar ikkje er mogleg for deg å levere salsmelding signert av både seljar og kjøpar, kan du søkje om unntak frå kravet om innlevering av salsmelding. Søknaden sender du til oss på e-post, og han må innehalde det du har av dokumentasjon vedrørande salet og kontaktinformasjon til kjøpar.
Er ikkje køyretøyet i bruk?
Om kjøretøyet ikkje lenger er i bruk, kan du avregistrere det. Forsikringa stoppar automatisk, og du får ingen gebyr om manglande forsikring medan køyretøyet er avregistrert.
Har du køyretøyet, men manglar skilta, må du melde skiltet tapt til politiet før du kan dra på trafikkstasjonen og få nye skilt eller avregistrere køyretøyet.
Dersom du ikkje har tilgang til køyretøyet, men framleis står oppført som eigar, kan du søkje om å få køyretøyet administrativt avregistrert. Søknaden sender du til oss på e-post, og han må vere utdjupande og innehalde det du har av dokumentasjon som kan belyse saka.
Meiner du at køyretøyet allereie er avregistrert eller vraka, kan du søkje om administrativ avregistrering eller om mogleg skaffe fram vrakmeldinga.
Usikker på om du har forsikring?
Ta kontakt med forsikringsselskapet ditt. Du kan også sjekke om du har gyldig forsikring ved å logge inn på nettsidene til «Trafikkforsikringsforeningen».