Dersom du både skal drive eit drosjeselskap og jobbe som sjåfør, må du ha både drosjeløyve og køyresetel.

Skal du køyre drosje må du ha køyresetel

For å kunne søkje om køyresetel må du oppfylle desse krava:

Last ned søknadsskjemaet og les meir om køyresetelen for yrkessjåførar hos politiet.

Før du kan søkje om drosjeløyve må du

  • ha fast og varig verksemd i Noreg, ha god vandel, og ha tilfredsstillande økonomisk evne
  • dokumentere at du har tilstrekkeleg fagleg kompetanse

Kravet om fagleg kompetanse kan oppfyllast dersom søkjaren

  • kan leggje fram vitnemål for bestått eksamen hos Statens vegvesen. Dette omfattar også vitnemål for bestått drosjeløyveeksamen hos Statens vegvesen i perioden 1. januar 2018 til 31. oktober 2020.
  • har hatt drosjeløyve før 1. november 2020
  • kan leggje fram vitnemål for bestått eksamen for godstransport- eller turvognløyve, har slikt løyve eller har leia eit transportføretak samanhengande i perioden på 10 år før 4. desember 2009
  • har vitnemål eller kompetansebevis utferda av offentleg myndigheit i ein annan EØS-stat eller Sveits som bevis på tilsvarande kompetanse, som er godkjent av Statens vegvesen

Det vil ikkje vere mogleg å søkje om drosjeløyve på grunnlag av kompetansebevis utferda før 1. januar 2018.

Vil du køyre drosje eller drive drosjeselskap