Fire vil sikra dette området endå betre mot skred
Her, på Dårflot langs riksveg 15 i Stryn, sikrar Statens vegvesen endå betre mot skred. Fire firma konkurrerer om oppdraget.
Desse fire har levert tilbod:
Tilbydar: | Tilbodssum eklskl. mva: |
Lesja Bulldozerlag AS | 9.096.461,40 |
Aurstad Tunnel AS frå Hovdebygda | 9.247.690,00 |
Mesta AS | 9.922.948,13 |
Kveen AS frå Stryn | 15.215.300,00 |
Det har vore fleire hendingar med flaum- og jordskred i området, og Djupesvora er eksponert for både snøskred, sørpeskred og flaumskred.
Difor gjer vi no fleire tiltak for å betra framkomsten og trafikktryggleiken området, som igjen skal bidra til Statens vegvesens nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken.
Dette skal vi gjera
– Vi skal utvida bassenget, slik at det har større kapasitet ved eventuelle skred og ved høg vassføring. Vi skal forlenga kulverten under vegen inn i terrenget, og vi skal montera betongrekkverk mellom elva og vegen, seier byggeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen.
Vi skal også byggja to tilkomstvegar oppe i terrenget, slik at tilkomsten er betre med tanke på oppreinskning ved seinare skred.
Skal gjerast i år
Arbeidet skal gjerast i år.
– Vi tek sikte på å signera kontrakt og koma i gang med arbeidet så snart som mogleg. Fristen for å bli ferdig er 18. november, og ein delfrist på å bli ferdig med skrednetta er 30. september, legg Rindal til.
Vegstykket som no skal få betra skredsikringa, har ein gjennomsnittlegg trafikk på 1.500 køyretøy i døgnet. Dette er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 19 prosent, eller 285, lange køyretøy.