Avkøyrsel blir stengd når denne riksveg 15-brua skal vedlikehaldast
Statens vegvesen skal vedlikehalda Skårhaug bru på riksveg 15 ved Nordfjordeid.
Vi skal mellom anna bytta rekkverk og kantdragarar. Vi tar sikte på å starta i veke 41, og arbeidet vil på gå i 8 veker.
I samband med denne jobben stengjer vi avkøyrselen mot den kommunale vegen Ytre Skårhaug døgnet rundt i heile anleggsperioden.

– Vi forstår at ei slik stenging er utfordrande for trafikantane, men vi er nøydde til å setja tryggleiken først, både for våre arbeidsfolk og for alle trafikantar i området. Statens vegvesen skal syta for at riks- og europavegane er trygge også i framtida, og då er vi nøydde til også å tenka på tryggleiken undervegs. Også dei som arbeider på og langs vegane skal heim til nokon, og vi har ingen fleire å mista, seier byggeleiar Jon-Vegar Aga Kjærgaard i Statens vegvesen.
Omkøyring for dei som skal på dei kommunale vegane opp mot bustadfelta vil bli skilta.
Trafikken på riksveg 15 vil bli styrt med trafikklys.
