Etter ei vekes stenging, opnar E39 ved Litle-Urdaltunnelen måndag i eitt felt med styrt trafikkavvikling.

– Geologen har sett på fjellsida etter at dei ustabile steinblokkene er tekne ned, og konklusjonen er at dette er trygt, seier prosjektleiar Harald Midtun i Statens vegvesen.

Opninga skjer måndag 28. juni klokka 07.00.

Det er det ytste kjørefeltet, mot Osterfjorden, som vert opna. Feltet nærast fjellet vil framleis verta sperra av.

E39, tunnel, skredsiking, Litle-Urdaltunnelen, Vestland
E39 Litle-Urdaltunnelen i Alver kommune nord for Bergen. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

Fangnett

– Ifylgje geologen er det framleis litt risiko for at stein kan koma ned, men dette er snakk om mindre stein som vil bli fanga opp av eit mellombels fangnett som vi startar å montera på måndag. Dette arbeidet vil ta om lag ei veke. Så snart dette er på plass, vil begge felt bli opna.

vi monterer før måndag. Dette er ei tilrådd løysing som gjer at bilistane kan vera sikre på at dei får den trafikktryggleiken og framkomelegheita dei til ei kvar tid skal ha på våre vegar, seier Midtun.

Eit permanent fangnett er tinga, og vil bli levert og montert over sommaren. Korleis trafikkavviklinga blir i samband med monteringa, vil Vegvesenet koma tilbake til.

Litle-Urdaltunnelen på E39 i Alver kommune nord for Bergen har vore stengd sidan måndag morgon klokka 07.00.

Over all forventning

– Det har gått over all forventning. Det varsla kaoset har uteblitt, sjølv om det er ein stamveg me har måtta stenga. Eg er imponert over heile teamet som har stått bak, både internt og eksternt. Dette gjeld både byggeleiing, hovudentreprenør, underentreprenørar, trafikkdirigentar, Skyss, ferjeselskap, ferjemannskap og sjølvsagt også bilistane, seier Midtun.

Som understrekar at vegen likevel kan verta stengd på kort varsel viss det kjem mykje nedbør. Nærmare informasjon om dette kan ein få hjå Vegtrafikksentralen (VTS), på nettsida 175.no eller  telefon 175.

Dette gjer ferjene

Det er to ferjesamband i Nordhordland. Begge har hatt ekstra avgangar i samband med tunnelstenginga på E39.

På Duesund - Masfjordnes blir tilleggsproduksjonen avslutta ved midnatt natt til måndag.

Leirvåg – Sløvåg gjennomførar ekstraavganger fram til E39 vert opna, med unnatak av av 05:15 fra Sløvåg og 05:45 fra Leirvåg som blir kansellerte.

Aktuelt for fylke(r): Vestland