Grunna stor skogbrannfare på Vestlandet, utset Statens vegvesen no delar av den planlagde kantklippen i Vestland og Rogaland.

Kantklippen skulle eigentleg starta 1. august, men vert no delvis sett på vent grunna lite nedbør, tørt terreng og dermed stor skogbrannfare.

Statens vegvesen kan uansett forsikra om at trafikktryggleiken, framkomelegheita og sikta langs vegane heile tida vil verta vareteke.

Grunna skogbrannfare utset Statens vegvesen delar av kantklippen i Vestland og Rogaland Foto: Statens vegvesen

Det betyr at den mest nødvendige kantklippen vil verta utført som opphavleg planlagt.

– Siktsoner i kryss og forbikøyringsstrekningar vert prioriterte no, grunna trafikktryggleik. Resten tek me når skogbrannfaren er redusert, seier Statens vegvesen.

Kontakt: Pressevakt Drift og vedlikehold, tlf 47 90 54 72

Aktuelt for fylke(r): Rogaland, Vestland