Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Neste veke startar anleggsarbeida på Riksveg 13-strekninga Bondeviki - Fardal mellom Sogndal og Leikanger.

Statens vegvesen signerte kontrakt med entreprenør Fosse Maskin og Transport 27. august. Firmaet frå Vik i Sogn vann kontrakten med eit tilbod på dryge 60 millionar pluss moms.

riksveg 13, Vestland, Bondeviki - Fardal
Her er vegstrekkja det skal jobbast på, Bondeviki - Fardal. Foto: Statens vegvesen

Jobbar for best mogleg trafikkflyt

– Me ser fram til å koma i gang med jobben, seier byggeleiar Kristian Slinde i Statens vegvesen.

– Me vil, saman med entreprenøren, gjera vårt beste for at trafikkflyten skal fungera på ein god måte. Det er eit smalt og langt anleggsområde. Reisande må pårekna venting og omlegging av køyremønster.

Arbeid på heile strekninga

Ein lyt venta arbeid over heile strekninga i tida framover.

I første omgang vert det fjerna skog og rydda vegetasjon, før vidare bore- og sprengingsarbeid startar.

Prosjektet strekk seg over 1,6 kilometer frå vestsida av Stedjebergtunnelen, og vegen skal vera ferdig i desember 2022.

Vegstykket vert gjennomsnittleg trafikkert av 2737 køyretøy per døgn. Ni prosent, eller om lag 270, av desse er lange køyretøy.

I kontrakten er det også ein opsjon på ytterlegare 500 meter veg ved den vestlege delen av strekninga. Viss opsjonen blir løyst ut, er frist for ferdigstilling sett til juni 2023.

Sjekk før du køyrer

Det vil bli stopp for trafikantane i inntil 15 minutt, men me held ope dei mest trafikkerte tidspunkta på morgon og ettermiddag.

Sjå på trafikkmeldingane til Statens vegvesen på www.175.no for siste informasjon.

Fleire prosjekt på riksveg 13

Statens vegvesen har gjort fleire arbeid på riksveg 13 i Sogn siste året:

Betrar trafikktryggleiken på riksveg 13 | Statens vegvesen

Nye ferjekaiar på riksveg 13 er i drift | Statens vegvesen

Kontaktperson: Kristan Slinde, e-post kristian.slinde@vegvesen.no, telefon 97701905

Aktuelt for fylke(r): Vestland