Fredag 19.11 er den nye rundkøyringa langs rv. 9 på Verksmoen i Evje klar til bruk. Det gamle krysset er no erstatta med ei meir trafikksikker rundkøyring.

Den nye rundkøyringa opnar kl. 14.30 på fredag.

I tillegg til å etablera ei ny rundkøyring langs rv. 9, er det gjort nødvendige tilpassingar for gang- og sykkelvegen. Tre avkøyringar til industriområdet er endra, og det er gjort utbetring av to busshaldeplassar. Anleggsarbeidet har tatt tre og ein halv månad og er utført av TT Anlegg AS.

– Formålet med dette prosjektet er å auka trafikktryggleiken langs rv. 9 i Evje. Vi har tidlegare hatt nokre farlege situasjonar med inn- og utkøyringar i det gamle krysset, forklarer Sigurd Wiberg, seksjonssjef i Statens vegvesen.

Den nye rundkøyringa ligg ca. 1 km sør for Evje sentrum.

– Trafikktryggleik er veldig viktig. På Verksmoen har vi no fått ei trygg løysing for bilistar og mjuke trafikantar. Rundkøyringa er oversiktleg så her skal trafikkavviklinga gå fint, seier Wiberg.

Medan TT Anlegg AS har bygd den nye rundkøyringa, har rv. 9-trafikken gått forbi anleggsstaden. I gjennomsnitt passerer det ca. 6500 køyretøy i døgnet, og med noko auka trafikk i samband med helg og feriar.

– TT Anlegg og Statens vegvesen har hatt eit godt samarbeid under bygginga. Vi har ikkje hatt nokre skadar verken på anleggsfolk eller trafikantar, og det er bra. Det er slik det skal vera, seier Wiberg.

Arbeidet med den nye rundkøyringa har kosta til saman ca. ti millionar kroner.

Dronebiletet av den nye rundkøyringa langs rv. 9 i Evje.
Fredag ettermiddag kan trafikantar ta i bruk den nye rundkøyringa i Evje. Foto: TT Anlegg AS
Aktuelt for fylke(r): Agder