Vegbanen mellom Kinsarvik og Kyrkjenes vert utvida frå dagens veg – som er ned i 4 meter enkelte plassar – til 7,5 meter.

Dette er eit etterlengta prosjekt på ei smal vegstrekkje der det ofte er lange køar om sommaren når mange turistar kjem til vakre Hardanger.

– Me er glade for å setja i gang eit permanent utbetringsarbeid, som vonaleg vil bidra til at trafikken vil flyta lettare, seier byggjeleiar Ketil Bere i Statens vegvesen.

riksveg 13, Hardanger, Vestland
Døme på vegparti mellom Kinsarvik og Kyrkjenes på riksveg 13. På det smalaste er vegen 4 meter. No vert han utvida til 7,5 meter Foto: Statens vegvesen

To år med anleggsarbeid

Prosjektet er no utlyst i Doffin, og målet er å starta den fysiske jobben i løpet av mars. Anleggstida er sett til om lag to år, med planlagd sluttdato mai 2024.

– Me har forståing for at slikt langvarig anleggsarbeid kan vera krevjande for trafikantane. Men då er viktig å minna om at me gjer dette store prosjektet nettopp for dei, for å kunna vareta trafikktryggleiken og betra framkomelegheita for framtida, legg Bere til.

I hovudsak dagarbeid

Arbeidet vil i hovudsak skje på dagtid.

Trafikkavviklinga vil skje med hjelp av trafikkdirigentar og ljosregulering, og trafikantane må førebu seg på inntil 15 minutt venting.

Vegstrekninga som no vert breiare, meir trafikksikker og meir framkomeleg, er på 2,1 kilometer.

Det er ingen bustadhus i nærleiken av vegstrekkja som vert utbetra, men det vil verta støy i periodar i samband med sprenging og pigging.

Kontaktperson: Ketil Bere, e-post , telefon 90363840

Aktuelt for fylke(r): Vestland