Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

For å sikra trafikktryggleik og framkome på våre vegar, gjer vi i Statens vegvesen alt vi kan for å forhindra skred.

Natt til tysdag fekk Statens vegvesen melding om småstein i vegbanen ved Hålandsosen på riksveg 13 i Rogaland.

Slik såg det ut då Mesta kontrollert løyste ei skjæring i Hålandsosen på riksveg 13 i Rogaland. Video: Mesta.

– Når vi fekk melding om dette, rykte vi ut med eit bergsikringslag, seier byggeleiar Rolf Anders Tønder Svensson i Statens vegvesen.

Småsteinane i vegbanen vart raskt tekne vekk med kost. 

Steinane kom frå ei skjæring.

– Då laget gjekk inn i vegskjæringa med tau, vart det avdekt eit laust parti med sprekkar. Med spett fekk vi løyst heile partiet kontrollert ned, for på denne måten å unngå eit skred i etterkant, legg Svensson til 

Kontaktperson: Rolf Anders Tønder Svensson, e-post rolf.anders.tonder.svensson@vegvesen.no, telefon 48027103

Aktuelt for fylke(r): Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Nordland