Små tiltak som kostar lite, men som gir mykje igjen til trafikantane.

Slik oppsummerer byggjeleiar Jørn Kristian Engebø jobben Statens vegvesen har gjort på riksveg 13 mellom Hella ferjekai og Leikanger i Sogndal kommune.

Ikkje den enklaste strekninga

For ein kontraktssum på ni millionar pluss moms har Statens vegvesen, saman med entreprenør Mesta, i haust gjort fleire tiltak som betrar trafikktilhøva på den smale, 10 kilometer lange strekninga som har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 750 køyretøy.

Lomme 7000, etter.

Det er ikkje den enklaste strekninga å gjera tiltak på. Det er utfordrande fjell i forhold til geologien på eine sida av vegen, og stupbratte fjell og fjorden på den andre. I tillegg skal ein gjennom Kvinafossen naturreservat.

Det byrja med TS-tiltak (TS = trafikktryggingstiltak) i form av bakkeplanering. Her fylte vi opp sideterreng i område med høgdeforskjell mellom riksveg og sideterreng, samt pigga eller sprengde vekk utstikkande bergknausar.

Lomme 7000, før.

– Ved etablering av enkelte lommer var det utfordrande geologi. Enkelte blokker stod i fare for å gli ut. I staden for å bolta desse valde me å ta dei ned. Å fjerna slike blokker gjer det tryggare for trafikantane, samt at ein vil også spara ein del driftskostnadar i ettertid. Det skuldast at bolting ville gitt behov for tilsyn, seier Engebø.

Meir for pengane på mange måtar

Prosjektet har stått for alt av prosjektering sjølv. Ei innsparing har det også gitt at massar er gjenbrukte i prosjektet. Sett i ettertid kunne vi ha brukt endå meir av massane. Dette er noko vi tek med oss videre til andre tilsvarande prosjekt, legg han til.

Eitt døme på gjenbruket kom då vedlikehaldsavdelinga til Statens vegvesen freste Hella ferjekai. Her fekk vi spørsmål om vi kunne bruka massane opp igjen som bérelag for ny asfalt på strekninga. Dette viser godt samarbeid mellom avdelingane i Statens vegvesen, understrekar Engebø.

Eit anna døme er at ein del av massane frå prosjektet er brukt til å laga om lag 25 nye møtelommer, og til å planera bakken slik at sideterrenget vart utbetra.

Dei aller fleste møtelommene er opparbeidde på Vegvesenet sin eigen eigedom.

– Målet var at vi ikkje skulle inn i hagane til folk. Det gjer at vi har brukt veldig lite på erstatning til grunneigarar samanlikna med andre prosjekt. Godt samarbeid med entreprenør Mesta har vore ein avgjerande faktor her, seier Engebø som saman med kontrollingeniør Andrea Holsen Horstad har stått for prosjektleiinga.

Fekk gjort meir enn planlagt, fylket vil kopiera metoden

Vestland fylkeskommune har tatt kontakt, og er interessert i kopiera måten vi bygde opp denne kontrakten på. Å laga møtelommer er ein billig og god å måte å utbetra vegar på.

Undervegs i prosjektet gjorde Statens vegvesen også tiltak som eigentleg ikkje var planlagde, men som vi tok fordi vi likevel var i området.

– Mellom anna gjorde vi siktutbetring for Sogndal kommune i ein avkøyrsel, utbetra stikkrenner og etablerte rister på opne stikkrenner. Vi har også utført nokre mindre breiddeutvidingar etter innspel frå grunneigar. Det er også gjort mindre tiltak med fjerning av blokker som låg på utsida av rekkverket. Ved å fjerna desse vart sikta mykje betre. Nokre parti med utsikkande fjell vart fjerna etter innspel frå transportnæringa.

Statens vegvesen sine prosjekta her på den nordlegaste delen av Hellavegen vart ferdige innan fristen som var 1. mars.

Det står igjen asfaltering av éi lomme og noko oppussing av sideterreng. Dette vert utført i april.

– Vi er godt nøgde med å ferdigstilla eit prosjekt som har gitt betre veg til trafikantane, og at einhar fått meir igjen for pengane gjennom eit av våre toppmål: Nytta skal opp, og kostnadane ned, avsluttar byggjeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Jørn Kristian Engebø

Byggjeleiar
Telefon:
95191891
E-post: