Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen startar etter påske opp igjen sikringsarbeida ved E16 Dalseidtunnelen.

– Arbeida skjer i områda over tunnelopninga på Dale-sida. Vi skal setja opp skrednett og sikra området med reinsking og bolting, seier byggjeleiar Åge Fanebust i Statens vegvesen.

Arbeida starta på ettersommaren 2021, og skal etter planen vera ferdig til 1. juli i år.

E16 Dalseidtunnelen. Foto: Google street view

For trafikantane kan det bli venting i inntil 30 minutt i arbeidstida som er frå 07.00 - 19.00 måndag – torsdag.

Trafikken vil bli styrt med dirigent, og ledebil gjennom arbeidsområdet og den 1809 meter lange tunnelen.

– Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei, for at trafikktryggleiken og framkomet skal varetakast også i framtida, legg Fanebust til.

Folk kan alt ha lagt merke til aktivitet i fjellsida ved tunnelen.

– Dette er førebuing til arbeida som startar opp att etter påske, men det vil ikkje påverka trafikken på vegen, avsluttar Fanebust.

Aktuelt for fylke(r): Vestland