Statens vegvesen inviterer næringa til å komma med nye løysingar for digitalisering og automatisering av ferjedrifta.

Bilete av ferja mellom Lavik og Oppedal.
E39 Lavik – Oppedal fekk den første elektriske ferja i verda. No blir det teke nye teknologiske skritt. Foto: Norled

E39 Lavik – Oppedal var først ute med den første elektriske ferja i verda i 2015. I den nye kontrakten for ferjestrekninga, ber Statens vegvesen om nye teknologiske løysingar.

Nye løysingar

– Me har gode erfaringar med å utfordra reiarlagsnæringa til å finna gode løysingar for å redusera utslepp frå ferjedrifta. No ser me fram til å ta nye steg for innovasjon innan automatisering og digitalisering, seier divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo i Statens vegvesen.

Han seier det er for tidleg å sjå kva dette inneber i praksis.

– Det er heile tida gradar av automasjon. Når det gjeld bilar veit me at det er mange trinn frå ikkje å ha nokon støttesystem til å ha sjølvkøyrande bilar. Me har ikkje ambisjonar om å innføra ubemanna ferjer innanfor denne kontraktsperioden. Men me er ute etter løysingar som gjer at mannskapet har støtte på ein del maritime operasjonar, slik at dei kan fokusera på service og tryggleik for passasjerane, seier Bjørn Laksforsmo.

Betre klima og økonomi

Betre dataflyt gjer det òg enklare å gjera raskare tilpassingar mellom trafikken og tilbodet til trafikantane.

– På sikt kan dette òg bidra til redusert energiforbruk, auka tryggleik og meir ferjedrift for pengane, seier Bjørn Laksforsmo.

Frå Samferdselsdepartementet: Ny ferjekontrakt for E39 Lavik–Oppedal legg til rette for autonome ferjer

– Me er veldig fornøgde med at regjeringa legg til rette for ferjekontraktar som stimulerer til nye teknologiske løysingar. Dette er både til beste for trafikantane og for utviklinga av den maritime næringa i Noreg.

Konkurranseprega dialog

Den nye kontrakten for sambandet E39 Lavik – Oppedal trer i kraft etter at dagens kontrakt går ut i 2024.

Innkjøpet skal skje som konkurranseprega dialog. Dette gir Statens vegvesen moglegheit til å gå i dialog med leverandørane for å diskutera ulike løysingar, utan å gi nøyaktige spesifikasjonar av det som skal skaffast.

Den nye kontrakten skal ha ei varigheit på åtte år, med opsjon på forlenging i inntil 12 månader. Førre gong det var anbod på E39 Lavik-Oppedal, resulterte det i verdas første batterielektriske ferje. I den kommande kontrakten skal sambandet driftast av fire heilelektriske ferjer.

Eit betre rutetilbod til dei reisande

For dei reisande vil den nye kontraktsperioden gi forbetringar i rutetilbodet.

Kapasiteten aukar frå tre til fire ferjer, når dieselferjene blir erstatta med nullutsleppsferjer. Resultatet er at me aukar frekvensen slik at det blir avgang kvart 15. minutt mot dagens 20. minutt. Laurdagar vil tre ferjer trafikkera sambandet, mot dagens to. Den vekefaste kapasiteten på ferjesambandet vil dermed auka med ca. 25 prosent samanlikna med dagens tilbod. Hovudfartøya får krav om å ha ein kapasitet på 120 personbileiningar.

Statens vegvesen skal leggja ut anbodet etter sommaren. Dagens kontrakt for E39 Lavik-Oppedal går ut 31.12.2024 med opsjon på forlenging i inntil 12 månader.

Aktuelt for fylke(r): Vestland