Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen gjer alt vi kan for å hindra skred på riks- og europavegane.

Videoen viser ei kontrollert nedskyting av snøskavlar på Yngnesdal på rv. 13 Vikafjellet.

Kontrollert nedskyting snø Vikafjellet

Kontrollert nedskyting snø Vikafjellet Video: Video: Johannes Soldal Måge, Statens vegvesen.

– Det kan nok kanskje både sjå og høyrest voldsomt ut. Men me kan forsikra om at dette er heilt udramatisk, og at det skjer under fullt ut kontrollerte og forsvarlege former, presiserer teknisk byggjeleiar høgfjell Johannes Soldal Måge i Statens vegvesen.

Videoen viser altså ikkje eit skred, men tvert imot noko Statens vegvesen gjer for å hindra og førebyggja skred.

– Me gjer ei kontrollert nedskyting for å ha kontroll på snøskavlane. Dette er heilt vanleg, og noko me gjer på både rv. 13 Vikafjellet og rv. 7 Hardangervidda. Av tryggleiksomsyn må me stengja vegen mens nedskytinga pågår, og vegen er stengd medan me ryddar vekk snøen etterpå. Det er altså ei kontrollert og planlagd stenging me gjer for å syta for mest mogleg oppetid og føreseieleg framkomst for trafikantane, seier Måge.

Aktuelt for fylke(r): Vestland