Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Tre entreprenørar har levert tilbod på å drifta riks- og europavegane i Nordfjord 2023-2028.

Kontrakten går i eit geografisk variert område – frå hav til høgfjell, frå Måløy ytst på riksveg 15 i vest til Strynefjellet i aust på 1.000 meters høgde, heilt på grensa mot Skjåk og Innlandet fylke.

Følgande har levert tilbod (og alle prisane er eksklusive mva.):

Tilbydar: Tilbodssum ekskl. mva:
Mesta AS    236.087.540,00
Veidekke Industri AS   247.324.007,35
Presis Vegdrift AS  269.937.026,76

– Vi er godt nødgde med talet tilbydarar som har meldt si interesse for dette oppdraget, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Statens vegvesen skal no gjennomføra grundig kontrollrekning og kvalitetssikring av tilboda.

I løpet av nokre veker blir det klart kven som som blir tildelt kontrakten.

Riksveg 15 gjennom Hjelledalen i Stryn er ein del av kontraktsområdet. Biletet er teke frå utsiktsplassen ved Ospelitunnelen på Strynefjellet. Foto: Statens vegvesen
Riksveg 15 gjennom Hjelledalen i Stryn er ein del av kontraktsområdet. Biletet er teke frå utsiktsplassen ved Ospelitunnelen på Strynefjellet. Foto: Statens vegvesen

Dette er DK 9306 Nordfjord

Kontrakten går delvis gjennom tettbygde strøk. Det er skredutsette område, mellom anna Skredestranda mellom Nordfjordeid og Stryn, i tillegg til rv. 15 opp mot Strynefjellet.

Kontrakten har mange tunnelar, og omfattar 193 kilometer riksveg og 26 kilometer gang- og sykkelveg i kommunane Kinn, Stad, Volda og Stryn.

Vegane i kontrakten er rv. 15 (frå Måløy til Strynefjellet), E39 (frå Lote ferjekai til Kjøs bru) og rv.651 (frå Hjelle i Stad til Folkestad ferjekai i Volda). Mesteparten av kontraktsområdet ligg i Vestland, medan 25 kilometer er i Møre og Romsdal (riksveg 651 i Volda).

Entreprenøren vil og få ansvar for å drifta 10 kilometer fylkesveg. Dette er fv. 258 Gamle Strynefjellsvegen, som er Nasjonal turistveg.

Kontrakten startar 1. september og varar i fem år, til 31. august 2028. Det er gjensidig opsjon på tre år. I tillegg kan Statens vegvesen einsidig forlenga med eitt år.

Trafikkmengda varierer gjennom året

Det er stor variasjon i trafikkmengda i kontraktsområdet, frå heilt nede i 100 på Gamle Strynefjellsvegen og opp til rundt 5.000 på Måløybrua. Det er dette som vert kalla ÅDT (årsdøgntrafikk).

Trafikkmengda varierer sterkt mellom sommar og vinter. Årsaka er turisme, og spesielt gjeld dette for Indre Nordfjord med Strynefjellet (høg andel turistbussar i tillegg til personbilar og bubilar).

Cruiseskipanløp i Olden, Nordfjordeid og Måløy bidreg også til auka trafikk i kontraktsområdet i sommarhalvåret.

Slik blir vinterdrifta

Kontrakten har vinterdriftsklasse B. Det vil seia at godkjente føreforhold er bar veg (tørr eller våt).

Hard snø og is er tillate utanom hjulspor i eit avgrensa tidsrom. Salt brukast som preventivt tiltak og for å oppretthalda og gjenoppretta bar veg.

Samtidig er det eit krav at saltbruken skal ned. Statens vegvesen tek stikkprøvekontrollar, og vil jamnleg ha møte med entreprenør for å sikra at dette vert halde.

Fleire miljøkrav

Miljøkrava i kontrakten er fleire:

– Vi har stramma inn på krava til oppsamling av vaskevatn før og etter tunnelvask. I vinterdrifta ynskjer vi å redusera saltmengda gjennom å bruka rett utstyr, og ved auka bruk av vérdata. Dette skal bidra til at vi brukar minst mogleg salt for å få best mogleg effekt, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Vil halvera utslepp

Alle nye vegkontraktar Statens vegvesen lyser ut inneheld krav til miljøsertifisering og rapportering av CO2-utslepp.

– Slik kan vi registrera kva klimatiltak vi gjer, og saman med entreprenør evaluera og dokumentera kva som har effekt. For delar av bilparken krev vi lavutslepps-køyretøy som tilfredsstiller dei strengaste nye krava. Målet er at utslepp frå våre prosjekt skal halverast innan 2030, legg Karlsen til.

Kontaktperson: Lars Erik Karlsen,e-post lars.karlsen@vegvesen.no, telefon 95191827