I sommar kjem det nye toalettbygg på rasteplassane på Lora og Bjorli vest langs E136.

Stian Brenden Maskinservice AS er i gang med grunnarbeida til det nye toalettbygget på rasteplassen ved E136 på Lora.
Stian Brenden Maskinservice AS er i gang med grunnarbeida til det nye toalettbygget på rasteplassen ved E136 på Lora. Foto: Stian Brenden Maskinservice AS / Statens vegvesen

– Dei gamle toalettbygga på Lora og Bjorli vest var slitne. Det var behov for ei oppgradering, seier byggeleiar Wenke Hagelund Vedum i Statens vegvesen.

Toalettbygga vart rivne seint i fjor haust.

Meir freistande å stoppe

Grunnarbeida for dei nye toalettbygga og oppsetjing av sjølve bygga er i gang og skal vera ferdig i løpet av sommaren.

– Med dei to nye toalettbygga er målet at vi skal få bygg som er enklare å halda reine og i orden slik at det blir meir attraktivt å ta ein stopp på rasteplassane. Bygga er også betre tilrettelagde for funksjonshemma, seier Vedum.

Grunnarbeida blir utførte av Stian Brenden Maskinservice AS medan toalettbygga blir leverte av Danfo AS.

Kostnad for grunnarbeid og nye toalettbygg på dei to rasteplassane er ca. to millionar kroner.

Aktuelt for fylke(r): Innlandet