E39 Jernfjelltunnelen opna klokka 06.00 i dag tidleg etter bilbrannen onsdag. Det blir ledebilkøyring gjennom dagen, førebels uvisst kor lenge.

– Det var gjort ein heroisk innsats både av entreprenørane og av våre eigne folk gjennom natta. Det er betryggande å sjå at beredskapsorganisasjonen fungerer, og all ros til alle som kunne kasta seg rundt på kort tid og bidra i ein kritisk situasjon, sier byggeleiar Frode Tufteland i Statens vegvesen.

Både geolog, elektroressursar og anna personell vart mobilisert. Så snart skadeomfanget vart avklart, fekk vi gjort dei nødvendige repararasjonane, legg han til.

Slik såg det ut etter bilbrannen i E39 Jernfjelltunnelen onsdag. Foto: Per Arne Blindheim, Statens vegvesen
Slik såg det ut etter bilbrannen i E39 Jernfjelltunnelen onsdag. Foto: Per Arne Blindheim, Statens vegvesen

Dette har skjedd

Det var litt før klokka 15.00 onsdag at det tok fyr i ein bil inne i tunnelen.

Klokka 06.00 i dag tidlig vart tunnelen opna for første kolonne, og frå klokka 06.30 var det fri ferdsel.

– Vi kan ikkje lova at vi klarar å opna våre tunnelar like raskt kvar gong etter ein bilbrann. Det har med fleire tilhøve å gjera, presiserer Tufteland.

Omkøyring vart raskt varsla om riksveg 5 og E16. Planlagde stengingar her vart endra til kontinuerleg ledebilkøyring.

Dette skjer no

Ledebilkøyring vert det og gjennom store delar av dagen i Jernfjelltunnelen.

– Vi skulle asfaltert i natt, men det var ikkje mogleg på grunn av bilbrannen. Dette arbeidet må derfor gjerast i løpet av dagen, då entreprenøren har eit heilt båtlass med asfaltmasse liggnade klar. Det betyr at det framleis blir konsekvensar for trafikantane. Vi forstår at det er krevjande, men vi prøvar så godt vi kan med kontinuerleg ledebilkøyring gjennom dagen og gjer arbeidet så effektivt vi kan. Førebels kan vi ikkje seia kor lenge det blir ledebilkøyring, seier Eivind Gilleshammer på vegner av tunneloppgraderinga som Statens vegvesen no gjer i Jernfjelltunnelen.

Aktuelt for fylke(r): Vestland