Statens vegvesen åtvarar om at det kan vera vanskelege køyreforhold flere stader i landet denne helga.

Trafikantane må vera førebudde på ulikt ver langs vegane denne helga. (Foto: Bård Asle Nordbø, Statens vegvesen)
Trafikantane må vera førebudde på ulikt ver langs vegane denne helga. (Foto: Bård Asle Nordbø, Statens vegvesen)

Snø, regn som frys på bakken, flaum- og skredfare, kraftige vindkast. Ved inngangen til helga står farevarsla frå Meteorologisk institutt i kø. Skal du ut og reise i helga må du sørge for å vera oppdatert på køyreforholda der du skal køyre, og ha utstyret i orden.

- Vi i Statens vegvesen gjer det vi kan for å halde vegane opne og godt farbare. Og så må trafikantane sjøl sørge for å vera førebudd på dei forholda som møter dei, og sørge for å gjera smarte val når det gjeld deira eiga reise. Å ferdast trygt på vegane er eit felles ansvar, ein dugnad mellom fleire partar, seier Nils Karbø, avdelingsdirektør for trafikkstyring og beredskap i Statens vegvesen.

Karbø er sjef for dei fem vegtrafikksentralane her i landet, og har følgande råd og oppmodingar til trafikantane, både dei som køyrer personbil og til tungbilsjåførane:

  • Skaff deg kunnskap om forholda akkurat der du skal køyre. Vegvesen.no/trafikk og appen Vegvesen trafikk er gode og lett tilgjengelege informasjonskjelder. I appen kan du få varsel om ein veg blir stengd eller kolonnekøyrd.
  • Rekne god tid til køyreturen, meir enn du ville gjort på bar veg og sommarføre.
  • Vær førebudd på at vegar kan bli stengde på kort varsel.
  • Vinterdekk er eit sjølvsagt krav på vinterføre.
  • Sørg for å ha nok straum eller drivstoff på bilen.
  • Ha varme klede, mat og drikke i bilen, særleg om du skal over fjellet eller på langtur.

Karbø understrekar at Statens vegvesen følger situasjonen på vegane nøye og er i tett dialog med entreprenørar og andre beredskapsmyndigheiter. Vi gjer preventive tiltak som og andre førebuande tiltak. Kontrollørane våre er på jobb for å luke ut køyretøy som ikkje burde vera på vegen.