Tre omkom i trafikken i Innlandet i oktober. I den eine ulykka døydde to eldre menneske då bilen køyrde av vegen og trefte eit tre.

Køyrer du over fartsgrensa?
Tolv av dødsulykkene i år er ulykker med to eller tre omkomne. Tre av dei skjedde i Innlandet. Det er uvanleg mange Foto: Knut Opeide, Statens vegvesen

19 menneske har så langt mista livet i trafikken i Innlandet i år. Det er over dobbelt så mange som på same tid i fjor.

Dette viser førebelse ulykkestal frå Statens vegvesen.

Mange ulykker med fleire omkomne

Tolv av dødsulykkene i år er ulykker med to eller tre omkomne. Tre av dei skjedde i Innlandet. Det er uvanleg mange.

– Vi opplever fleire ulykker med to og tre omkomne i år i Innlandet i år, seier Torunn Dårflot Fladsrud i Statens vegvesen. Dette er same utvikling som vi ser på landsbasis, og som dessverre bidreg negativt til den triste utviklinga vi har sett i Innlandet i år. Vi er alle ansvarlege for å køyre omsynsfullt og merksamt for å minske risikoen for at ulykker kan skje, og spesielt no som vi har fått vinterføre på vegane.

Flest omkomne var middelaldrande og flest døde i møteulykker 

Dei to gruppene som skil seg ut på ulykkesstatistikken i Innlandet i år er dei yngste sjåførane og dei middelaldrande. Ni av dei drepne var i alderen 45-64 år, medan fem var under 30.

Elles er det møteulykker som dominerer dødsulykkene i år. Ti mista livet i møteulykker, to omkom då bilen dei sat i køyrde av vegen, og ein vart påkøyrd av toget på ein planovergang. Fire av dei omkomne var kvinner og resten var menn.

Flest døydde i personbil (sju), tre døydde på MC, to i varebil, ein på ATV, ein i tungbil, og ein på sykkel.

Den yngste som døydde var ei ung kvinne på 17 år som køyrde MC.

Statens vegvesen jobbar for at ingen skal døy i trafikken

Visjonen om null drepne i trafikken i 2050, som er fastsett i Nasjonal transportplan, ligg framleis fast for alle trafikktryggleiksaktørane. Eit viktig delmål nasjonalt, er at vi skal ha maksimalt 50 drepne og 350 hardt skadde i 2030.

Mange drepne i trafikken i oktober | Statens vegvesen

Aktuelt for fylke(r): Innlandet