Frå 2020 til 2023 er CO2-utsleppa frå asfalt redusert med 30 %. No aukar Statens vegvesen påskjønninga for klimakutt i asfaltkontraktar ytterligare.

Noreg er i verdstoppen på klimavennleg asfalt. Med ein reell CO2-reduksjon på 30% er Statens vegvesen på god veg mot å nå målet om 70% kutt i utslepp frå asfalt innan 2030. Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen jobbar for å nå 70 % kutt innan 2030. Under Byggenæringens Klimakonferanse torsdag presenterte Statens vegvesen oppskrifta på bruk av klimakrav og prising av CO2-utslepp i asfaltkontraktane.

Klimavekting verkar

– Me ser at vektinga av klima verkar og at andre følgjer vårt døme. Derfor gjer me endå meir av det same, seier teamleiar Thor Asbjørn Lunaas.

I tillegg til pristilbodet, må asfaltleverandørane dokumentera CO2-utsleppa sine. Kvart kilo CO2-utslepp gir eit påslag på 5 kroner ekstra i konkurransesum. I kontraktane for 2024 vil dette påslaget auka til 7,50 kroner.

Mange tiltak

Blant tiltaka som har ført til nedgang i CO2-utslepp er overgang frå oljefyrte asfaltfabrikkar til bruk av energikjelder som biopellets og biogass, delar av det oljebaserte bindemiddelet er erstatta med bioråstoff, meir lågtemperaturasfalt, meir gjenbruk, meir kortreist stein, smartare transport og logistikk, og utvikling av asfalt som varer lengre.

Klimavekting i fleire kontraktar

Statens vegvesen har innført vekting av klima i tillegg til pris i fleire vegdriftskontraktar.

No skal klimavekting innførast i dei fleste av kontraktstypane til Statens vegvesen. Dette kjem i tillegg til minimumskrava til klima og miljø i alle kontraktar.