Kven køyrer når par og familiar er på tur? I ei fersk undersøking på kvinnedagen svarar 83 prosent av mennene at det nesten alltid er dei.

I dag, 8.mars, er det den internasjonale kvinnedagen og vegdirektør Ingrid Dahl Hovland oppmodar kvinner til å ta plass bak rattet.

Her er undersøkelsen.

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland har ei oppmoding: - Ta rattet, kvinner!
Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland har ei oppmoding: - Ta rattet, kvinner! Foto: Henriette E. Busterud

Statens vegvesen sine eigne undersøkingar viser at menn i større grad kan knytast til risiko-åtferd i trafikken og er knytte til dei mest fatale ulykkene med rus, høg fart og aggressiv køyrestil, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

Statistikk frå fotoboksane til Statens vegvesen (ATK) i 2024 kan òg seie oss noko:

- 338 menn / 35 kvinner fekk førarkortet beslaglagt.
- 2327 menn / 279 kvinner vart politimelde.

Kvinnelege førarar er òg innblanda i mange ulykker - men kan det vere fordi nokon får for lite køyreerfaring?  

Berre 11 prosent kvinner svarar at dei køyrer.
Berre 11 prosent kvinner svarar at dei køyrer. Foto: Reputation Inc.
Kven er den tryggaste sjåføren i parforholdet?
Kven er den tryggaste sjåføren i parforholdet? Foto: Statens vegvesen

I dag er det nesten like mange kvinner som menn som tar førarkort på bil.

Men når førarkortet ligg i lomma, bremsar likestillinga opp. Dobbelt så mange bilar blir registrerte på menn (1.759.000) som på kvinner (896.000).

Vegdirektøren har ei oppmoding:

- Ta rattet, kvinner!