Statens vegvesen startar i desse dagar å restaurere ei steinhellebru på Den Trondhjemske postvei på Saurås i Åsane nord i Bergen.

Brua ligg like ved Salhusvegen, vis a vis Ulset sykehjem, ikkje langt frå Ikea like ved E39.

Brua er ei lita utkraga steinhellebru, ein typisk brukonstruksjon som vart vanleg i siste del av 1700-talet. Diverre har brua fått store setningsskadar og må dels demonterast før den vert bygd opp att etter antikvariske prinsipp. Målet er at brua vert så lik som mogleg som den opphavleg var. 

Den gamle steinbrua på Saurås har tydelege skadar og står i fare for å kollapse. Foto: Tine Eikehaug, Statens vegvesen
Den gamle steinbrua på Saurås har tydelege skadar og står i fare for å kollapse. Foto: Tine Eikehaug, Statens vegvesen

I byggetida ligg det ei mellombels gangbru over elva like ved steinhellebrua. Denne vert skilta/merkt. Turgåarar er velkomne til å bruke denne.

Av omsyn til både eigen og arbeidarane sin tryggleik, ber vi publikum om å ta omsyn til arbeid, følgje skilting og merking, og ikkje gå inn i avsperra anleggsområde. Men stopp gjerne opp og sjå på arbeidet.

Mot Åsane gamle kirke ligg ei fin strekning av den gamle allmannavegen, som seinare vart del av Den Trondhjemske postveg. Brua er ved det grøne postvegskiltet. Foto: Tine Eikehaug, Statens vegvesen
Mot Åsane gamle kirke ligg ei fin strekning av den gamle allmannavegen, som seinare vart del av Den Trondhjemske postveg. Brua er ved det grøne postvegskiltet. Foto: Tine Eikehaug, Statens vegvesen

Entreprenør er firmaet Stibyggjaren AS, leia av Geirr Vetti, som saman med byggeleiar består av eit arbeidslag av fire sherpaer frå Nepal. Vetti har lang erfaring med restaureringsprosjekt, som mellom anna Kongevegen over Filefjell.

Arbeidet vil medføre at elva i ei kort periode vert grumsete. Det vert lagt ut ei siltgardin nedstrøms for å fange opp og hindre at botnsediment renn vidare i vassdraget. Det er berre botnsediment og jord som kan kome i elva. Under arbeidet med brua blir det berre nytta lokale eller naturlege massar, både i murar og i vegen.

Brua ligg over elva i området som er merkt med raud sirkel.  Saurås bru, Den Trondhjemske postvei. Kart: Statens vegvesen
Brua ligg over elva i området som er merkt med raud sirkel. Kart: Statens vegvesen Foto: Kart: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestland