Må stengja rv. 13 Ylvisåker natt til måndag 16. juni
Statens vegvesen må ta ned ei stor steinblokk i samband med skredsikringa mellom Sogndal og Leikanger.
Statens vegvesen er i gong med arbeida ved rv. 13 på Ylvisåker mellom Sogndal og Leikanger.
Fram til no har det pågått vegetasjonsrydding langs strekninga, samt førebuande arbeider lenger opp i terrenget.
Så stor er blokka
– Søndag 15. juni klokka 21.00 til måndag 16. juni klokka 06.00 er er me nøydde til å stengja vegen, og det er i denne perioden inga moglegheit for gjennomkøyring. Me reinskar terrenget ovanfor vegen, og det er naudsynt å ta ned mellom anna ei stor steinblokk, seier byggjeleiar Kristian Slinde i Statens vegvesen.
Blokka har ein anslått storleik på 5x5x5 meter, veg om lag 300 tonn og ligg omtrent 200 meter over vegen. Slikt arbeid er tidkrevjande. Ein må difor førebu seg for ulike utfall, slik at vegen kan opnast att raskast mogeleg.
– Ynskjer ikkje meir stengd veg enn naudsynt
– Me har forståing for at det kan vere utfordrande med stengingane, men me må tenkja tryggleik både for dei som arbeider i anleggsområdet og dei som køyrer forbi, legg Slinde til.
Terrenget er krevjande og er prega av mykje laus stein, og difor må det stengjast periodevis slik som siste tida.
– Statens vegvesen ynskjer ikkje meir stengd veg enn naudsynt. Men det pågår arbeid ikkje berre langs vegen, men også lenger over vegen enn det ein ser når ein køyrer gjennom området, understrekar byggjeleiar Kristian Slinde.
Enkelte bussruter søndag kveld er innstilte, og på måndag 16. juni, vert det lysregulering forbi området. Sjå oppdatert informasjon på 175.no.