Statens vegvesen sikrar rv. 7 mellom Hardangerbrua og Eidfjord mot skred.

– Dei førebuande arbeida er i alt gang, og frå førstkomande måndag startar arbeida på ein måte som påverkar trafikken på vegen, seier byggeleiar Andrea Holsen Horstad i Statens vegvesen.

– Vi skal opp med fanggjerde og isnett for å sikra vegen mot skred. Det blir korte stengingar, hovudsakleg med lysregulering. Alle kan verta utolmodige på grunn av venting, men trafikkreguleringa handlar om noko som er mykje større enn det: Nemleg alle sin tryggleik, legg ho til.

Arbeidet er planlagd ferdig til jul.

Statens vegvesen sikrar no Pylsur (på kartet ramma inn med raud sirkel) mot skred. Illustrasjon: Statens vegvesen
Statens vegvesen sikrar no Pylsur (på kartet ramma inn med raud sirkel) mot skred. Illustrasjon: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestland