Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel for svært kraftige vindkast for delar av Sunnhordland, Rogaland og Agder.

Illustrasjon som viser kva område som gjeld for det oransje farevarselet.
Dei kraftigaste vindkasta er venta i det oransje området. Illustrasjon: Meteorologisk institutt

Tidleg tysdag er det venta svært kraftige vindkast frå sørvest, seinare frå vest, på 30-35 meter per sekund. På kysten er det venta liten til full storm. Vinden er venta å vera sterkast tysdag morgon.

Stengde vegar, innstilte ferjer

Vind og bølgjer kan få konsekvensar for trafikken på vegane. Vegar kan bli stengde på grunn av tre eller andre gjenstandar i vegbana. Bruer og utsatte veistrekninger kan bli stengde, ferjer kan bli innstilt. Mange reiser vil kunne få lengre reisetid, og rekne ekstra tid til transport og køyring.

Den sterke vinden kan gje høge bølger i fjordstroka, som kan skade infrastruktur i strandsona. Det er også sendt ut gult farevarslel for store nedbørsmengder for det meste av Vestlandet.

Vis aktsemd, vurder om du må reise

- Vi ber trafikantane i dei utsette områda om å vise aktsemd når dei er ute på vegane. Unngå ferdsel på utsette steder, og om naudsynt vurder om reisa er naudsynt, seier Stian Rosnes, fungerande leiar på Vegtrafikksentralen Vest.

Hald deg oppdatert om situasjonen på vegane på vegvesen.no/trafikk.