Startar arkeologiske utgravingar i Ørsta
Arkeologar frå Universitetet i Bergen startar tysdag 19. august utgravinga av to automatisk freda kulturminne i samband med reguleringsplan E39 Ose–Osborg.
Utgravingane i Ørsta kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke er planlagde å vare fram til 3. oktober.
Det er venta å finne spor etter førhistorisk aktivitet knytt til busetnad og dyrking frå bronsealder og jernalder. Felta som blir undersøkt ligg på kvar si side av E39. Det er planlagt å starte på vestsida av E39, mot sjøen.
Når området er tilstrekkeleg undersøkt og blir frigitt, skal det byggjast ny gang- og sykkelveg på vestsida av E39. På austsida av E39 skal busslomma utvidast og flyttast litt lenger nord. Det skal også byggjast gangvegforbindelse mellom busslomma og Osvegen.
Entreprenøren Mesta AS bistår arkeologane med gravemaskin. Det blir sett opp varsling og sikring ved arbeidsområdet, men arbeidet vil ikkje ha nemneverdig påverknad på trafikken på E39.
Følg med på Statens vegvesen si trafikkinformasjon, som blir oppdatert til ei kvar tid i desse kanalane: