Statens vegvesen held på med skredsikringsarbeid ved rv. 13 på Ylvisåker mellom Sogndal og Leikanger.

Arbeida har gått bra gjennom sommaren og mykje av fanggjerdet lengst aust er montert. No gjenstår arbeida med boring av forankring for fanggjerdet som er lengst vest på strekket.

Terrenget er krevjande og er prega av mykje laus stein. Dette gjer at enkelte arbeidsoperasjonar vert meir utfordrande, då det kan rulla stein ned mot vegbana.

Arbeida med skredsikring av rv. 13 Ylvisåker held fram. Foto: Statens vegvesen

– I staden for stenging, vert det difor nokre dagar med manuell dirigering frå måndag 8. september, seier byggjeleiar Andrea Holsen Horstad i Statens vegvesen.

– Dette for nettopp å kunna gjennomføra arbeida tryggast mogeleg både for arbeidarar og trafikkerande forbi området. I tillegg gjer denne løysninga at trafikkulempene vert minst mogeleg.

Arbeida med skredsikring av rv. 13 Ylvisåker held fram. Foto: Statens vegvesen
Arbeida med skredsikring av rv. 13 Ylvisåker held fram. Foto: Statens vegvesen

Utanom rushtida (0700-0900 og 1430-1630) kan det bli inntil 15 minutt venting. Elles vert det trafikklys på same måte trafikantane på strekninga er vane med siste tida.

Sjå elles oppdatert informasjon på 175.no.

Arbeida med skredsikring av rv. 13 Ylvisåker held fram. Foto: Statens vegvesen
Arbeida med skredsikring av rv. 13 Ylvisåker held fram. Foto: Statens vegvesen

Arbeida med skredsikring av rv. 13 Ylvisåker held fram. Foto: Statens vegvesen
Arbeida med skredsikring av rv. 13 Ylvisåker held fram. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestland