Startar asfaltering av rv. 13 Hegerland-Røldalsvannet 24. september
Frå onsdag kveld 24. september og i tre netter vil Statens vegvesen delvis stengja rv. 13 på grunn av asfaltering
Det er rv. 13 frå Hegerland/Lono til Røldalsvannet som no skal få ny asfalt.
– Me startar asfalteringa onsdag 24. september kl. 18.00 og held på fram til kl. 06.00 morgonen etter. Dette gjentek me på torsdag kl. 18.00 og fram til fredag morgon kl. 06, og måndag 29. september kl. 18.00 til kl. 06.00 tysdag morgon, fortel Bjørn I. Andersen, byggjeleiar for asfaltering i Statens vegvesen.
Har arbeidd på strekninga i lengre tid
Statens vegvesen har i lengre tid arbeidd i området. Vegen har vorte utvida på delar av strekninga, det er sett opp ny mur på ca. 300 meter og det er gjort justeringar på vegbanen.
– Medan dette arbeidet har gått føre seg har trafikantane kunne passera. Det går dessverre ikkje når me skal asfaltera vegen. Då blir det for trongt, forklarar Andersen.
Asfalteringa er lagt til kveld og natt når det er minst trafikk.
Open for gjennomkøyring kvar tredje time
– Medan entreprenøren vår asfalterer vil rv. 13 bli delvis stengde. Strekninga blir opna for gjennomkøyring kvar tredje time gjennom kvelden og natta. Dette er nødvendig fordi vegen er for smal til å ha trafikk gåande samtidig som me legg asfalt, forklarer Andersen.
Det vil stå trafikkdirigentar i begge endar av arbeidsområdet, og farten blir også sett ned til 50 km/t.
– Me oppmodar alle trafikantar til å vera merksame og følgja skiltinga. Vis omsyn til andre trafikantar og dei som jobbar langs vegane, oppmodar byggjeleiaren.