Statens vegvesen skal sikra fjellet ved den sørlege opninga av Blakhammartunnelen sørvest for Hardangerbrua.

– Bergsikringa består i at vi skal setja opp nett og boltar. Dette er eit arbeid som krev dagsljos,  seier byggjeleiar Morten Ørbech Mo i Statens vegvesen.

Arbeidet vil verta gjort frå klokka 07.00-19.00. Eitt køyrefelt vil heile tida vera ope. Det blir kontinuerleg trafikkdirigering. Det blir korte stopp, maksimalt eit kvarter.

rv. 13 Blakhammartunnelen, Hardanger
Det stipla området viser kvar det skal bergsikrast. Illustrasjon: Marianne Kjøllesdal Sundal, Statens vegvesen

– Respekter trafikkdirigering og fartsgrenser. Det har å gjera med tryggleik for alle, både arbeidsfolk og trafikantar. For Statens vegvesen kjem alltid tryggleiken først. Det er aldri aktuelt for oss å gå på akkord med den, understrekar Mo.

Overalt kor det er vegarbeid, må farten setjast ned i tråd med regelverket. Det vert difor nedsett fartsgrense også på den tida av døgnet då det ikkje er arbeid.