Nesten 100 omkomne i trafikken
Så langt har 99 menneske mista livet i trafikken i Noreg. Ni av dei døydde i oktober. Det er 21 fleire omkomne i år enn på same tid i fjor.
Dette viser dei førebelse ulykkestala frå Statens vegvesen.
– Utviklinga går i feil retning, og det påverkar oss, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikksikkerheit i Statens vegvesen.
Saman med dei andre aktørane som arbeider med trafikksikkerheit, jobbar Statens vegvesen med ein ny tiltaksplan for trafikksikkerheit.
– Vi har fleire kraftige tiltak. Men vi må gå endå tøffare til verks for å snu den negative utviklinga, og vi er særleg uroa for dei unge trafikantane, seier Ranes.
Mange unge døydde i ulukker med fleire omkomne
Det er fem fleire som døydde i trafikken i oktober i år enn i same månad i fjor. I ulukka på E8 utanfor Tromsø åleine, døydde fem menneske. Dette var ei av mange ulukker med fleire omkomne i år.
17 menneske har mista livet i ulukker med meir enn éin omkomen i år. Seks av desse var berre 18 år gamle, medan ytterlegare to var 20 og 21 år.
– Det er for tidleg å konkludere med årsakene til årets dødsulukker, seier Guro Ranes, men ei fersk analyse av ungdomsulukker viser at høg fart er den vanlegaste faktoren i dødsulukker med unge sjåførar. Og 18-åringane dominerer.
– Dei manglar erfaring, og evna til risikovurdering og konsekvenstenking er ikkje ferdig utvikla enno. Difor er det særleg viktig at dei held fartsgrensa og køyrer etter forholda.
– Allereie etter eitt år med køyreerfaring minkar risikoen markant for å hamne i ei alvorleg ulukke.
I framlegget til årets statsbudsjett er det sett av 40 millionar ekstra til automatisk måling av fart med fotoboksar.
– Dette er eit tiltak vi veit har god effekt på fartsrelaterte ulukker, seier Ranes. – På strekningar der dette er innført, blir talet på drepne og hardt skadde halvert.
Flest omkomne i Vestland – mange i Troms
Det er svært mange omkomne (16) i Vestland fylke så langt i år, og fleirtalet døydde i sommarmånadene.
– Mange av dødsulukker i Vestland hittil i år var med ubeskytta trafikantar, som fotgjengarar og dei som køyrde sykkel eller motorsykkel, seier Guro Ranes. – Berre fem av ulukkene var med personbil. – Vi må meir enn ti år tilbake i tid for å finne eit like dramatisk år for trafikken i Vestland, seier ho.
Etter dødsulukka med fem omkomne i oktober, har òg Troms blitt eit av fylka med dårlegare statistikk samanlikna med tidlegare år.
– Det slår hardt ut med fem drepne i ei ulukke, seier Ranes. – Mange har på tragisk vis mista nokon dei stod nær. Også vi som arbeider med tryggleik i trafikken, blir prega av dette.
– Det er ei trist utvikling i 2025, og vi arbeider med å identifisere nye tiltak som kan redde liv i trafikken og bringe oss nærare nullvisjonen, seier ho.