Det blir redusert framkomme på E39 Årbergsdalen frå tysdag 11. november til torsdag 13. november. Årsaka er at det må skiftast ei stikkrenne.

Trafikkdirigent som stopper trafikken.
Vis omsyn til dei som dirigerer trafikken i samband med skifting av stikkrenne på E39 Årbergsdalen. Illustrasjonsbilde. Foto: Eli Ramstad, Statens vegvesen

Vi ber trafikantane vere førebudde på redusert framkomme som følgje av arbeidet.

  • Tysdag 11. november: Manuell dirigering
  • Onsdag 12. november, kl. 17.00 – 23.00: Manuell dirigering med korte stoppar.
  • Onsdag 12. november, kl. 23.00 - torsdag 13. november kl. 06.00 (natt til torsdag) vert det stengingar på 1 time, med gjennomkøyring kvar halve time.
  • Torsdag 13. november frå kl. 0800: Manuell dirigering.

Koordinerer trafikken med stengingar i E39 Bogstunnelen

Det blir gjennomført tunneloppgradering i Bogstunnelen på E39, og der er det også nattestenging denne veka som følgje av oppgraderingsarbeidet.

Dei to arbeida blir koordinerte så langt det er mogleg, slik at trafikken ikkje blir hindra meir enn nødvendig. 

– Vi kjem til å sleppe gjennom trafikken slik at dei rekk kolonne i Bogstunnelen, seier byggjeleiar Heidi Strandos, – og  vi slepp igjennom trafikken som kjem nordover frå kolonnane derfrå.

Torsdag vert det manuell dirigering grunna asfaltering, med oppstart kl. 08.00.

Oppdaterte trafikkmeldingar fins på 175.no eller i appen Vegvesen trafikk