Det er mykje fjell langs rv. 13 i Ryfylke. Skredsikring er ein viktig del av Statens vegvesen sitt samfunnsoppdrag i dette området.

– Vi jobbar kontinuerleg med skredsikring her. Vi jobbar systematisk proaktivt frå Nesvik og oppover. Vi har to reinskelag i arbeid for å få dekka området best mogleg. Det eine laget er no i Kilane, det andre er i Mokleiv, seier byggeleiar Gunn Skjærbekk i Statens vegvesen.

Frå skredsikringa av rv. 13 Suldal. Foto: Mesta
Frå skredsikringa av rv. 13 i Ryfylke, frå Nesvik og oppover. Foto: Mesta

– Begge reinskelag har tatt ned store steinmengder og køyrt vekk. Det er rydda for buskar og tre i skjeringane, samt grøfta underveis.

Det er arbeidslag med svært god kompetanse, og dei har heile tida HMS i høgsetet.

Frå skredsikringa av rv. 13 Suldal. Foto: Mesta
Frå skredsikringa av rv. 13 i Ryfylke, frå Nesvik og oppover. Foto: Mesta

– Statens vegvesen har eit inspeksjonsregime på samtlege av våre vegstrekningar. Dette skal bidra til at vi har oversikta over tilstanden på og ved vegen. Vi tek ned stein for å forhindra skred seinare. Geologisk kompetanse er avgjerande. Deira råd og rettleiing er brukar vi heile tida, seier Skjærbekk.

Frå skredsikringa av rv. 13 i Ryfylke, frå Nesvik og oppover.
Kilane til venstre, Mokleiv til høgre. Illustrasjon: Statens vegvesen
Frå skredsikringa av rv. 13 Suldal. Foto: Mesta
Frå skredsikringa av rv. 13 i Ryfylke, frå Nesvik og oppover. Foto: Mesta
Frå skredsikringa av rv. 13 Suldal. Foto: Mesta
Frå skredsikringa av rv. 13 i Ryfylke, frå Nesvik og oppover. Foto: Mesta
Frå skredsikringa av rv. 13 Suldal. Foto: Mesta
Frå skredsikringa av rv. 13 i Ryfylke, frå Nesvik og oppover. Foto: Mesta
Aktuelt for fylke(r): Rogaland